Besøk av Lubna_Monica Tormassy_01.jpg
Ein jubeldag for Det Norske Teatret og nynorsken!
Over tid har vi jobba intenst politisk for å styrke rammevilkåra til Det Norske Teatret. Vi har mista mykje pengar, og med det naudsynt kunstnarleg handlingsrom gjennom snart ti år med kutt. Det har derfor vore ein prioritet for oss å jobbe hardt for å synleggjere kva som står på spel no, for teateret og for nynorsken. Vi må ikkje bli eit anna, mindre og dermed mindre relevant teater. Det Norske Teatret har over tid evna å erobra ein særs sterk posisjon, både kunstnarleg og språkpolitisk. Den er det viktig at vi kan halde på.
Derfor er var det eit stolt og jublande glad teaterkollegium som møtte kulturminister Lubna Jaffery i dag da ho kom til Det Norske Teatret med nyheita om at vi i revidert nasjonalbudsjett får ei auke i løyvinga for 2024 på heile 9 millionar kroner!